Fredagsbål i gapahuken
Det vert vaksensosialisering i gapahuken for folket i bygda.
Kvar og ein kan ta med seg ein vedkubbe til bålet og evt. noko å drikke eller ete.
Det vert vaksensosialisering i gapahuken for folket i bygda.
Kvar og ein kan ta med seg ein vedkubbe til bålet og evt. noko å drikke eller ete.
Utetrening med Samspel startar opp att i august, og eg (Ingvild) går for rekordpåmelding i Flekke!
Er dåke klare for å bli med? 😃
Det er ti økter i Flekke, ein på skuleplassen på mandagar kl.19:05-20:05, og den andre kl.11:00-11:45 på onsdagar utanfor Norconsult sitt kontor på gamle kaia.
Mandag er da plass til mange fleire, onsdag er da plass til 3 til!
Vi er ute uansett veir - alt du treng å ta med deg er ei matte.
Eg rettleiiar gjennom heile økta då her får du tett oppfølging gjennom heile økta slik at vi kan tilpasse til deg uansett kva du treng, og du alltid går frå treninga og veit du har gjort det riktig og fått max ut av økta 💪
Send meg ei mld om du lurer på noko : 95 43 51 27☺️
Påmeldingsfrist er søndag 09.august. Trykk nedanfor for å komme til påmeldingsskjema og meir info:
https://forms.gle/E7cAi9XDMTi6j1pGA
Velkommen til samla årsmøte for Svint IL, Flekke grendalag og Flekke ungdomslag tirsdag 10.februar i Vonheim ungdomshus.
Vi samkøyrer oss også i år, då dette har fungert bra tidlegare og det har vore ein kjekk møtekveld for bygda 😃
Tidsplanen for årsmøtene denne kvelden vert slik:
Saker til årsmøtet me vere dei respektive styra i hende veka før, altså innan Tysdag 3.februar. Årsmøtesaker ken de melde inn til:
Flekke ungdomslag v/Natalia Ophaug:
ophaug.natalia@gmail.com
Svint IL v/Ingvild Espedal:
samspel.nat@gmail.com
Flekke grendalag v/Øystein Haaland:
oystein.s.haaland@gmail.com
Det vert enkel servering med påsmurte rundstykker, frukt, kaffi og te.
Vel møtt!😀
Klatring for alle på Haugland f.o.m førskulealder på mandagar (følger skuleruta) kl.17-18.15.
Du må enten vere medlem i Svint IL eller Dale IL for å delta. Ingen påmelding, berre å møte opp ved gymsalen på Haugland :)
Det er Mogleg å få skyss frå Dale, følg då med på Dale IL klatregruppa si FB-side.
https://flekke.org/lag/svint/aktivitetar/#klatring-pa-haugland
Jump startar opp att etter jul mondag 5. Januar.
Dette er ei fin og variert trening til musikk. Med uthald, styrke og god tøying som passar for alle aldrar. Fysioterapeut Karin Johanson er ansvarleg for treninga, og kan gje deg råd og rettleiing.
Meir info kan ein finne her:
Sirkeltreninga startar opp att no på tysdag, 6. Januar.
Sirkeltreninga er for kvinner og menn i alle aldrar. Nye som kjem til får ei kort rettleiing, og så tek alle det så hardt eller lett som ein sjølv vil. Vi held på ein liten time, med ein liten pause midt i.
Meir informasjon kan ein finne her:
https://flekke.org/lag/svint/aktivitetar/#sirkeltreningstyrke
Me har fått svar på søknad om midlar til å utbetre postvegen. Det er gjort vedtak om tilskot på 20000 for å utføre dei høgast prioriterte tiltaka me søkte om:
Vedtak
Nasjonalt postveiprosjekt gir dere et tilskudd på kr 20 000 for å utføre følgende tiltak:
Grøfting av vannskadet kleiv og eventuelle restmidler til skjøtsel i Stavdalen - tiltak 1 og 2 i søknad. Vestland fylkeskommune ønsker videre dialog når det gjelder tiltak 3 og 4.
Heile svarbrevet kan ein lese her.
Meir informasjon om dette prosjektet kan de finne her.
Tysdag 14. oktober kl. 19.00 startar Svint IL opp att med sirkeltrening på Flekke skule. Vi held på kvar tysdag og torsdag kl. 19.00 fram til påske.
Det er trening for kvinner og menn i alle aldrar. Nye som kjem til får ei kort rettleiing, og så tek alle det så hardt eller lett som ein vel sjølv. Vi held på ein liten time, med ein liten pause midt i. Talet på trimmarar har variert mellom 5 og 16 i alderen 13 til godt opp i 70 åra. Ingvard har oftast ansvaret og styrer musikk og tid, men når han ikkje er der, så har Eva eller Sverre teke ansvar.
Kom og sjå om dette er noko for deg.

Torsdag 2. Oktober vert det grendedag med LivOGLyst-møte i ungdomshuset.

Salen nede er open for kontorbruk for alle interesserte. Meld gjerne frå om du har tenkt å komme slik at me veit det er plass til alle. Meir info om kontorope, kan ein finne her.
Nytt av sumaren/hausten er at det er kome internett i Ungdomshuset, så det skulle no vere endå betre tilhøve for ei produktiv arbeidsøkt i bygget.
Det vert krema kyllingsupe med poteter og brød frå Delikatessen i Askvoll. Supa er glutenfri, men ikkje brødet.
Prisar med og utan medlemsskap i grendelaget:
Vaksne: 120/150,-
Born over 4 år: 40/50,-
Born under 4 år: 0,-
Meld deg på middagen ved å ta kontakt med Øystein på 99027336 eller skriv på fjesboksida vår. Supa er delvis sponsa med midlar frå LivOGLyst.
Etter middagen vert det eit allmøte for bygdefolket, der formålet er å samle inn informasjon om kva me ynskjer skal skje i Flekke framover. Me har det siste året vore i eit forprosjekt med LivOGLyst, der tanken er at me skal engasjere bygdefolket til aktivitet, og planleggje fram mot eit hovedprosjekt der ein får 100 000 i året over tre år for gjennomføre det ein set seg føre.
Me vonar at bygdefolket har lyst å komme for å diskutere og planleggje saman med oss, slik at me får eit godt grunnlag å søkje hovedprosjekt.
Desse 3 punkta er utgangspunktet for at me ynskjer å lage til ei lita speleøkt for dei som er interesserte. Dette er eit tilbod som i utgangspunktet rettar seg mot ungdommen.

Flekke beitelag har fått midlar til å byggje ny bru på Flekkestølen.
Det er handla inn ein del materiale som no ligg rett ovanfor Sessane. Beitelaget ber om at dei som ynskjer å hjelpe til, tek med seg ein planke eller to på vegen til Flekkestølen og legg den på Flekkesida av elva, i god avstand i fall elva skulle fløyme over. Det vert muligens sett opp ein plakat/skilt ved hentehaugen og leveringsstaden.
Om det er spørsmål, så ta gjerne kontakt med: