Infoskriv¶
Frå 2024. Henta frå google drive.
Svint, Flekke Ungdomslag og Flekke Grendelag samarbeidar om å legge ut infoskriv frå laga i postkassane. Alle laga skreiv ferdig sine skriv og fekk dei kopiert på skulen. Ein frå kvart lag møttest, bretta skriv og fordelte mengde og ruter. Vi la restlageret på Joker slik at det var lett for alle å hente meir om ein trengte. Resten kan evt. ligge der til kundar, eller laga har med på ulike arrangement.
Vi fant ikkje info om mengde frå i fjor og tok godt i, kopierte 210 stk. Svint hadde 300 då dei har Guddal og Straumsnes i tillegg.
- Det gjekk 50 stk til området frå Vikja, Igelkjøn, ytre byggefelt, Haugland, Solheim og til Tysse.
- Det gjekk 70 stk i resten av Flekke.
- Det gjekk 25 stk frå Hellebust til Hovland, Nautsund og Bjordal.
- Det gjekk 30 stk på Rennestraum, Vassliås og i Espedalen.
- Dette vil seie 175 stk.
Skulen sender rekning til laga.
Dei kom ut i midten av april og dette er litt seint. Bør kunne få dei ut rett etter årsmøta, i mars.