Fredagsbål i gapahuken
Det vert vaksensosialisering i gapahuken for folket i bygda fredag 17. Januar frå 21:00 og utover.
Kvar og ein kan ta med seg ein vedkubbe til bålet og det ein måtte trenge av mat og drikke.
Det vert vaksensosialisering i gapahuken for folket i bygda fredag 17. Januar frå 21:00 og utover.
Kvar og ein kan ta med seg ein vedkubbe til bålet og det ein måtte trenge av mat og drikke.
Gyttavatnet naturreservat er no kunngjort. Detaljane kan de lese i dokumenta her:
Me har tidlegare fått signal om at fylkeskommunen stør forslaget som me kom med i klaga til det fyrste svaret me fekk frå fylkeskommunen. No har me fått bekrefta at det tredje forlaget vårt, som foreslår å utvide 60-sona til forbi siste avkjørsla til høgre etter flekkeskiltet, er godteke av vegvesenet og at fylkeskommunen har fått beskjed om dette.
Svaret frå fylkeskommunen kan lastast ned her:

Oppstart Sirkeltrening på Flekke skule🏋♀️💪😁
Då er det tid for at sirkeltreninga på Flekke skule startar opp att.
Her gjer du varierte øvingar i ditt tempo og etter kva du greier. Første gongen får du hjelp av ein erfaren, dersom du ynskjer det.
Det er ikkje så god spreiing i alder. Dei fleste er i 50-, 60- og 70åra, sjølv om vi har nokre spreke, yngre unntak. Men vi vil gjerne ha med fleire i alder 13 år og oppover.
Har du spørsmål? Send oss ei melding på facebook.
Det vert vaksensosialisering i gapahuken fredag 5. Juli frå 21.00 og utover.
Ta med ein vedkubbe og det du måtte trenge av mat og drikke.
Meir om gapahuken kan ein finne her:
https://www.flekke.org/fasilitetar/#gapahuken-ved-skulen

Grendalaget skipar til jonsokfeiring Sundag 23. juni i Parken.
Grillane er klare fom. kl 17:30 og me tenner bålet kl 19:00.
Grendelaget stiller med varme grillar, kaffi, vatn/saft og sal av bakst. Kubbespel og bocca tek me óg med.
Ta med det du ynskjer å ete og drikke. Gjerne ein stol óg om du har ein som er lett å ta med.
Ta med familie og vener, så møtast me til ei triveleg feiring saman.
I saka om fartssoneutviding, så har me no fått svar frå fylkeskommunen. Diverre, så vart ikkje svaret heilt slik som me hadde håpa på. Her er konklusjonen:
Når det gjeld å forlenge fartsgrensa i retning mot Dale finn me at starten på særskilt fartsgrense 60 km/t er uheldig. Det er dårleg sikt til skilta og me vil føreslå å flytte skilta til før svingane, i retning mot Dale.
Vidare vurderer me at ei forlenging av fartsgrensa i retning mot Rennestraumen ikkje vil vere i tråd med kriteria. Det er naturleg å avslutte særskilt fartsgrense 60 km/t der den i dag vert avslutta i Flekke. Området ved Flekke går frå randbusetnad med mange avkøyrsler til eit området prega av vegetasjon og lite aktivitet. På slike stader er det vanleg at det er generell fartsgrense som for utanfor tettbygd strok, inntil 80 km/t.
Heile svaret kan lesast her: