Gå til innhald

Mikkelsmess

qrcode

Legg til i kalender

Det er Mikkelsmessehelg, 26.og 27.september.

Tradisjonen tru har vi ulike aktivitetar, sosial samling og kafe med tradisjonsmat på skulen.

I år slår vi ring om Flekke skule, og kjempar for skulen vår!

Laurdag 26.september: Aktivitetsdag på Flekke skule-og barnehage

  • Kl.9.00-12.00: Dugnadsgrupper er i gang med ulike prosjekt
  • Kl.12.00-12.30: Vi treng Flekke skule! Appellar + programinnslag frå skuleelevane
  • Kl.13.00-14.00: Leik og aktivitet for borna
  • Kl. 12.30-15.00: Kafé med betasuppe, natronkaker og råmjølkspudding

Sundag 27.september: Tur til Flekkestølen

  • Kl.10.00: Fellesstart både frå Joker og frå Turvedalsbrua
  • Kl.11.00-13.00: Det vert bål om du vil grille noko.

Arrangør: FAU, Flekke skule og barnehage, Svint IL og Flekke Grendalag

Flekke Skule