Gå til innhald

Kontordag i Ungdomshuset

Salen nede er open for kontorbruk for alle det måtte høve for.

Praktisk info

  • Typisk ope mellom 08:00 - 16:00
  • Der er det plass til rundt 10 stk. Meld gjerne frå om du kjem slik at me veit om det er plass til alle.
  • Det er ikkje internett lagt inn i bygget. Ein lyt vere førebudd på å bruke eige nett via mobil evt. dele med nokon andre.
  • Kiosken oppe vert gjort klar til bruk for videosamtaler og liknande.
  • Om nokon skulle trenge ein ekstra skjerm eller anna utstyr, så sei frå, og me skal sjå om me klarar å hjelpe.
  • Ta gjerne av sko i gangen slik at me minimerar reinhald.

Oppsett

  • Me brukar primært salen i kjellaren.
  • Me brukar dei store borda som er i rommet nede og stolar hentar me oppe i den store salen.
  • Bør passe på at det i allefall er te og kaffi tilgjengeleg?

Utbetringar

  • [ ] Mulig me freistar å ta i bruk kontoret óg, slik at me har to rom for videosamtalar.
  • [ ] På sikt bør ein få lagt inn breiband, slik at internettilgang vert enklare.
  • [ ] Vurdere om ein skal handle inn frukt e.l.
  • [ ] Kan óg tenkje på om ein skulle organisere lunsj på eit eller anna vis