Gå til innhald

Grendedag i Ungdomshuset

Tysdag 12. september 2023

  • 08:00 - 16:00 Kontorope
  • 16:00 - 17:00 Grendemiddag
  • 17:00 - 17:30 Grendemøte: Trafikktryggleik

Kontorope

Salen nede er open for kontorbruk for alle det måtte høve for. Meld gjerne frå om du har tenkt å komme slik at me veit det er plass til alle. Meir info om kontorope, kan ein finne her.

Grendemiddag

Leonards forlaavelse leverer grønsaks- og chorizosupe med med brød til. Ein kan bestille:

  • Full porsjon 179,-
  • Halv porsjon 89,- for born og dei som ikkje er så svoltne
  • Smaksporsjon 0,- tiltenkt dei aller minste

Meld frå:

  • om du ynskjer glutenfritt
  • om du ynskjer å ta med

Dei som er interesserte, melder frå til oss i styret innan dagen før. Anten på epost (oystein.s.haaland@gmail.com), telefon (99027336), på fjesboksida eller på anna vis.

Grendemøte

Grendalaget presenterar skrivet som er under arbeid, der ein søykjer om å redusere farten på fylkesvegen forbi sentrum og på Hauglandsvegen.

Referat

Kontordag

Fire stk. var innom. Ein ny frå UWC. Freiste å invitere breiare neste gong. Gjerne fleire frå UWC.

Grendemiddag

31 prsjonar var bestillt. Det var rikeleg med mat, så folk fekk forsyne seg fleire gongar. Og endå så hadde me meir atte, så me selde fleire porsjonar til folk som ville ha med seg heim.

Grendemøte

Hadde grendemøte om arbeided med fartssoner i bygda. Fekk gode tilbakemeldingar.