Gå til innhald

Grendedag i Ungdomshuset

Tysdag 23. august 2022

  • 08.00 - 16.00: Kontorope
  • 16.00 - 17.00: Grendemiddag
  • 17.30 - : Foredrag om krigen i Ukraina

Kontorope

Salen nede er open for kontorbruk for alle det måtte høve for. Meld gjerne frå om du har tenkt å komme slik at me veit det er plass til alle. Meir info om kontorope, kan ein finne her.

Grendemiddag

(mellombels plan; me lyt ha 8 eller fleire bestillingar for at det vert noko av)

  • Dei som er interesserte, melder frå til oss i styret (MERK: før kl 09.00 tysdag). Anten på epost, telefon, på fjesboksida eller på anna vis.
  • Allmuen leverar kyllingsupe (glutenfri) med brød og smør.
    • 125,- for vaksne
    • 70,- for born
  • Me møblerar om salen i kjellaren frå kontor til matservering.
  • Grendelaget set fram det ein måtte trenge av fat, skåler, bestikk mm.

Rapport

Kontordag

Det var tre(?) stk. som møtte denne gongen. Det var fleire som sa dei ikkje kunne, men gjerne ynskjer å vere med ein annan gong.

Grendemiddag

Me vart ca. 40 stk. på middagen. Det er ein nedgang på 10 frå forrige gang, men me tenkjer at det er eit godt oppmøte, og tilbakemelingane er framleis veldig positive.

Tilbakemeldingar/notat til ein annan gong:

  • Eigen smaksporsjon for dei aller minste?
  • Tilbakemelding til leverandør: heller mindre porsjonar og rimelegare porsjonspris?
  • Bør tilby at ein kan bestille til å ta med heim

Foredrag

Godt oppmøte på føredraget.