Gå til innhald

Grendedag i Ungdomshuset

Tysdag 23. august 2022

  • 08.00 - 16.00: Kontordag - salen nede er open for kontorbruk
  • 16.00 - 17.00: Grendemiddag - alle som ynskjer kan bestille middag, som vert servert i ungdomshuset.
  • 17.00 og utover: Lagsmøter - ope for at laga i bygda kan bruke ungdomshuset til møteverksemd

Kontordag

  • Lokaler:
    • Me brukar primært salen i kjellaren.
    • Der er det plass til i allefall 8 stk.
    • Kiosken oppe vert gjort klar til bruk for videosamtaler og liknande. Mulig me freistar å ta i bruk kontoret óg, slik at me har to rom for videosamtalar.
  • Internett: det er ikkje internett lagt inn i bygget. Ein lyt vere førebudd på å bruke eige nett via mobil evt. dele med nokon andre.
  • Kontormøblement:
    • Me brukar dei store borda som er i rommet nede og stolar hentar me oppe i den store salen.
    • Om nokon skulle trenge ein ekstra skjerm eller anna utstyr, så sei frå, og me skal sjå om me klarar å hjelpe.

Grendemiddag

(mellombels plan; me lyt ha 8 eller fleire bestillingar for at det vert noko av)

  • Dei som er interesserte, melder frå til oss i styret (MERK: før kl 09.00 tysdag). Anten på epost, telefon, på fjesboksida eller på anna vis.
  • Allmuen leverar kyllingsupe (glutenfri) med brød og smør.
    • 125,- for vaksne
    • 70,- for born
  • Me møblerar om salen i kjellaren frå kontor til matservering.
  • Grendelaget set fram det ein måtte trenge av fat, skåler, bestikk mm.

Lagsmøter

  • Grendelaget skal ha styremøte denne kvelden.
  • Det skal vere eit møte om Mikkelsmess, der fleire av laga stiller med representantar.

Rapport

Kontordag

  • Det var fem stk. som møtte denne gongen: Arne, Myrtle, Øystein, Michael og Sven.
  • Alle var einige om at det var kjekt og sosialt.
  • Me ynskjer å få på plass breiband i ungdomshuset for å gjere det endeå enklare å jobbe derifrå.

Grendemiddag

  • Me vart ca. 50 stk. på middagen. Det er me godt nøgde med og me tenkjer me traff godt.
  • Me gløymde å bestille vask av ungdomshuset. Det lyt me hugse neste gong.