Gå til innhald

Hovudprosjekt

Krav til søknad:

  • Søkar må ha skriftleg stadfesting frå kommunen om eit økonomisk bidrag på 30 000 kr årleg (90 000 kr totalt), som blir overført direkte frå kommunen til prosjektet.

  • I søknaden må hovudprosjektet beskrive kva de har kartlagt og korleis de har mobilisert lokalsamfunnet i forprosjektet. De skal også beskrive ein plan for aktivitetar, tiltak og vidare mobilisering i hovudprosjektet.

Karleggjing og mobilisering

Indirekte kartleggjing

Som leiar i grendelaget, så hender det at ein vert oppsøkt av bygdefolket og kjem i prat om tiltak og aktivitetar som ein kunne ynskje seg. Såleis kan ein sonke seg både ressursarpersonar og saker som kan høve for L&L. Prosjektgruppa i Flekke var til dels sett saman av personar som leiar allereie hadde vore i snakk med om slike saker. Ein kan kanskje såleis sei at det i byrjinga vart gjort ei ikkje-aktiv eller indirekte kartleggjing.

Spontan kartleggjing

Etterkvart som ein kjem i gang med L&L, så vil det vere behov for å handtere saker som må setjast i gang før større mobiliseringsverkstadar og fullstendig kartleggjing er gjort. T.d. pga. søknadsfristar o.l. Då gjer ein gjerne ei spontan og meir direkte kartleggjing, der ein råsdslår med dei som er umiddelbart tilgjengelige om kven som kan vere aktuelle medhjelparar og ressurspersonar. Endå nokre av dei som er med i prosjektgruppa kom med på dette viset; ved å delta i det tidlege L&L-prosjekt om vedlikehald av postvegen.

Planleggjing mobiliseringsaktivitet

Det skal siast at me har vore litt på etterskot heile året. Det var fyrst i mai at me fekk samla prosjektstyret, gått igjennom L&L-materialet og fekk lagt ein plan. Innleiingsvis, så gjorde me nabointervju på fyrste prosjektmøte for å gjere kartleggjing internt i gruppa.

For den vidare planen for mobilisering i bygda, så tok utgangspunkt i "Døme prosjektplan forprosjekt" frå kompetanseprogrammet:

1. Etablere prosjektstyre
2. Planleggje kommunikasjon og mobiliseringsaktivitetar
3. Mobiliseringsaktivitet DEL 1: Felles mål, kartlegge ressursar og idéar
4. Samle innspel, kommunisere
5. Mobiliseringsaktivitet DEL 2: Delegere, gruppere og teste!
6. Samle dokumentasjon og skrive søknad om hovedprosjekt

Forut for sumaren vart me einige om å ha mobiliseringsverkstad i september, men då datoen kresja med eit anna arrangement, så vart det flytt til oktober.

Fram mot mobiliseringsverkstaden, så vart me eininge om å reklamere for L&L på allereie planlagde arrangement i bygda; Jonsok, Olsok og Mikkelsmess. Samt å bruke L&L midlar til å sponse delar av arrangementa, slik som mat på Mikkelsmess.

Mobiliseringsverkstad

Me hadde invitert til grendemiddag for heile bygda i forkant av mobiliseringsverkstaden. Og kunne friste med playstation på storskjerm for dei yngre medan verkstaden heldt på. På verkstaden, så gjorde me igjen nabointervju for å komme i gang, også var hoveddelen kafédialog. Opplegget fungerte bra, men det var litt få som møtte og representasjon var noko skeiv, spesielt mtp. ungdom og unge vaksne var det tynt. Det viste seg i ettertid at det var mange som ikkje hadde fått med saeg at det var grendemiddag med mobiliseringsverkstad. Så her har me ein jobb å gjere for å nå betre ut til bygda i det vidare arbeidet.

I etterkant vart innspela frå mobiliseringsmøtet samla inn i eit dokument som vart sendt ut til deltakarane. Sidan hadde me prosjektmøte, der me diskuterte innspela frå mobiliseringsverkstaden, og byrja å sjå på kva tema som kunne vere naturleg å freiste å lage grupper for.

Men, det var så langt me kom før det var på tide å skrive søknad. Diverre. Dvs. at mobiliseringsaktivitet DEL 2, ikkje er ferdig gjennomført idet me går i gang med å skrive søknad om hovedprosjket.

Kva har me kartlagt

I utgangspunktet veit me at busetnad; tomtar, hus og liknande er ei viktige saker for bygda.

Me valde oss to tema for kafédialog på verkstaden:

  • Møteplassar: Kva møteplassar har me? Kva møteplassar ynskjer me oss? Kva ynskjer me at skal skje på møteplassane?
  • Busetnad: Kva ynskjer me oss når det kjem til busetnad?

Møteplassar

Me fekk inn ei lang liste av møteplassar og ressursar i området. Denne lista kan me bruke til å informare vidare om desse stadane slik at fleire kan gjere seg bruk av dei.

Når det kjem til kva me ynskjer oss, så fekk me inn desse punkta:

  • Badstu
  • Sandvolleyballbane
  • Badeplassar (litt meir offentleg/ope for alle)
  • Spelekveldar (brettspel/kort)
  • Pizzakveld
  • Oppfordre til meir bruk av Nærbutikken
  • Sytreff
  • Strikkeklubb
  • Utvikle lendinga endå meir
  • fleire aktivitetar
  • treningsapparat?
  • Nærbutikken
  • Lage til eit bibliotek som er tilgjengeleg for alle
  • Lokalhistoriegruppe; samle inn bilete, historie mm.
  • Over mikkelbakkane
  • Sykkel/barnevognsti: byggefeltet - mikkelbakkane - postvegen mot skytebana

Busetnad

Relatert til temaet busetnad, så ynskjer me oss:

  • Ynskjer at nokon leggjer til rette for å opparbeide tomtar (entreprenør).
  • Eldretun, eit område (fellesskap)
  • Klyngetun
  • Felleshus t.d. med vaskerom
  • Større sirkulasjon på dei kommunale leiligheitene. Evt. gjere dei om til omsorgsbustad.
  • Marknadsføre tomteareal i Flekke
  • Gatelys; Myrane, Haugland, Skytebana
  • Gatefelt opp til myrane; Siste hus tilhøyrande Flekke sentrum sørvoer.
  • Buplikt for privathus (som for gardar) for å unngå at Flekke vert ei "hyttebygd"
  • Utvide fartsgrensa
  • Må syte for at det er mogeleg å busetje seg i Flekke om ein ynskjer
  • Fleire gangstiar
  • Avklare fartsgrenser
  • Kommunen legge fram resultatet av arealplanen?

Plan for aktivitetar, tiltak og vidare mobilisering

Aktivitetar

  • LAN i ungdomshuset. Me har fått breiband i ungdomshuset. Så no ynskjer me å invitere til LAN og spelekveldar.
  • Kursing i tradisjonsbakst.
  • Arealplan: Invitere kommunerepresentant til å gje ei orientering.

Tiltak

  • Tiltak og grupper me ser føre oss:

Postvegen

Me har søkt midlar frå tilskotsordning for postvegen. Det er planlagt reperasjon av veg delar av vegen nær Flekke etter vasskade, samt dugnad. Me har fått midlar til nokre av tiltaka og ynskjer å halde dialogen om resten av tiltaka framover. Det er allereie danna ei L&L-gruppe for dette arbeidet.

Bustadar og busetnad

Dette er noko av det som har vorte etterspurt mest. Me tenkjer det gjev meining å etablere ei gruppe som jobbar målretta med dette. Målet bør vere å sjå på umiddelbare tiltak som kan gjerast.

Sentrumsutvikling

Sentrumsutvikling er relatert til busetnad, men i denne gruppa, så ynskjer me å sjå på det større biletet i Flekke og tenke heilskap om utforming av bygda, og korleis me tenkjer oss at Flekke kan utvikle seg på litt lenger sikt.

Ungdomshuset

Me tenkjer at Ungdomshuset er ein underutnytta ressurs i bygda, og at me har lyst å gjere den meir tilgjengeleg for dei lokale. Målet er å gjere det enklare å ta huset i bruk og gjennomføre aktivitetar. Også å utbetre enkelt ting ved bygget som har byrja å verte slite.

Butikken

Butikken er ein viktig møtestad i bygda. Er det fleire aktivitetar eller funksjonar som kan knytast til butikken slik at denne kan meir brukt?

Badstu

Det er fleire som har ytra ynskje om å få badstu til bygda. Her veit me frå L&L-programmet kven me kan kontakte for å hjelpe oss.

Bærekraftig matvareproduksjon

Eit prosjekt som har kome til litt på sida, og som eigentleg vart drege i gang av Nytta (lokal samfunns-/bedriftskatalysator), er eit mogeleg samarbeid mellom UWC og bygda om å sjå på korleis me kan få til meir lokal matvareproduiksjon. Dette er heilt i startfasen, og den endelege forma det vil ta vil me nok fyrst sjå etterkvart.

Vidare mobilisering

Generelt for prosjektstyret og for mobiliseringa, så har me grei dekning for aldersgruppene rundt 40 og oppover. Barnafamiliar og "godt vaksne" er godt representert. Men me har lite dekning når det gjeld ungdom, unge vaksne og ferske branefamiliar. Vidare mobilisering bør nok ha desse særleg i tankane til å byrje med.

Vidare vil det nok vere lurt å sjå kva me kan gjere for utflyttarar; studentar o.l. Også har me ei liste over andre grupper som me endå ikkje har freista å nå.

Me slit litt med å nå ut til folk. Det var fleire som ikkje fekk med seg at det skulle vere grendemiddag med mobiliseringsverkstad. Her må me gjere ein betre jobb.