Gå til innhald

Faste aktivitetar

Alle som deltek på treningar i regi av Svint skal vere medlem av idrettslaget. I tillegg har ein ei treningsavgift på 300,- for dei som deltek på jumpa-treningane.

Jumpa

Måndag kl.18.00-19.00 i gymsalen på Flekke skule Dette er ei fin og variert trening til musikk, med uthald, styrke og god tøying som passar for alle aldrar. Fysioterapeut Karin Johanson er ansvarleg for treninga, og kan gje deg råd og rettleiing. Treningsavgift: 300,-

Sirkeltrening/styrke

I gymsalen på Flekke skule, tysdagar og torsdagar kl.19.00-20.00. God og individuell styrketrening. Du bestemmer sjølv kva øvingar du vil ta og kor stor innsats du legg i det. Passar for alle aldrar og nivå.

Løpetid

Løpetid er ei gruppe som trenar i lag fast kvar torsdag. Er ope for alle over 15 år - både kvinner og menn. Treningane er i Dale.

Alltrening

Alltreninga har denne vinteren/våren vore eit tilbod for ungar i alderen 1.-3.klasse. Her er fokuset på leik og moro med varierte aktivitetar. Dette er foreldrestyrt og ein deler på å ha ansvaret frå gong til gong.

Fjellgruppe i Svint IL

I Svint sitt dekningsområde har fjellgruppa i Svint IL v/leiar Ingvard Flekke, gjort ein kjempeinnsats med å rydde og merke stiar på dei mange fjellturane ein kan gå. Styret i Svint IL vil gjerne få rette ein stor takk til fjellgruppa for at det ligg til rette for at kvar og ein kan gå turar på godt merka og rydda stiar.

Skigruppa i Fjaler

Skigruppa i Fjaler er eit samarbeid mellom Svint IL og Dale IL. Dei gjere ein framifrå dugnadsjobb for at det skal vere gode løyper når tilhøva ligg til rette for det, med ynskje om å legge til rette for skiaktivitet for små og store i Fjaler. På Facebook-sida Skigruppa i Fjaler får du oppdatering kring løyper og aktivitetar i Norddalen.

Kostnad/støtte: Det er fri bruk av løyper og anlegg i Norddalen. Dei treng likevel stønad til drift av aktivitetar, anlegg og løypemaskin då dette er basert på frivillig innsats og dugnadsarbeid.

Svint IL støttar skigruppa i Fjaler med 20 000,- kvart år og håpar at andre òg vil støtte opp om skitilbodet med eit valfritt beløp. Då kan du i så fall nytte vippsnummer 504611.