Vedtekter¶
Henta frå styreprotokollen.
Vedtekne på årsmøtet 2015-03-02.
§ 1 Føremål¶
- Flekke grendelag har til føremål å arbeide med saker som kan fremje næringsliv, kultur og trivselstiltak elles, til nytte og glede for folket her, og vere ein bindelekk mellom grenda og Fjaler kommune og andre offentlege instansar.
- Grendalaget må også arbeide for å halde på og betre dei samfunnsgoder vi har.
- Flekke grendelag skal vere eit samordnande organ som tek på seg oppgåver av allmenn interesse, enten på eige initiativ, eller på oppmoding frå andre.
- Grendalaget sitt høgste organ er årsmøtet.
§ 2 Organisasjonsform¶
- Det skal vere betalt medlemsskap i laget. Alle som er fylte 14 år og heimehøyrande i Flekke skulekrins og har betalt medlemspengar har røysterett. Alle i krinsen har møte- og talerett.
- Det skal avviklast minst eitt grendemøte pr. år i tillegg til årsmøtet. Styret kunngjer grendemøtet minst ei veke på førehand.
§ 3 Finansiering¶
- Laget skal finansierast gjennom medlemspengar fastsett av årsmøtet, og elles der økonomisk støtte er å få.
- Rekneskapen skal avsluttast og reviderast til ordinært årsmøte.
§ 4 Styret¶
- Flekke grendelag skal leiast av eit styre på 5 personar. Årsmøte vel leiar, 4 styremedlemmer med 3 varafolk og 2 revisorar. Leiar vert vald for 1 år om gongen. Styremedlemmane vert valde for 2 år om gongen slik at 2 står på val 1. år og 2 neste år. Ein av styremedlemmane bør vere medlem av kommunestyret. Styret vel seg i mellom nestleiar, skrivar og kasserar. Varafolk vert valde for 2 år. Årsmøte vel også valnemnd på 3 medlemmar for 3 år (ein ny kvart år) og to revisorar for 1 år om gongen.
- Styret skal leie laget etter vedtektene og årsmøtevedtaka. Styret skal føre møtebok.
- Saker styret arbeider med som vedkjem bygda skal leggast fram på grendemøte.
§ 5 Årsmøte¶
- Årsmøtet er laget sitt høgste organ og skal avviklast innan utgangen av februar. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøte, styret eller minst ⅓ av dei røysteføre krev det.
- Årsmøte skal ta stode til årsmelding, ettersedd rekneskap og andre saker som styret legg fram for det.
- Årsmøte skal kunngjerast 3 veker føreåt. Saker ein vil ta opp på årsmøte må vere styret i hende 2 veker føreåt. Endeleg saksliste skal kunngjerast 1 veke føreåt.
§ 6 Vedtektsendring¶
- Endringar av vedtektene kan berre skje ved vedtak på årsmøte.
- Framlegg om vedtektsendring må kunngjerast saman med endeleg saksliste til årsmøte. Årsmøte kan då vedta framlegget med ⅔ røystefleirtal.
§ 7 Oppløysing¶
- Framlegg op oppløysing av Flekke grendelag skal kunngjerast saman med endeleg saksliste. Vedtak om oppløysing må gjerast på 2 ordinære årsmøte med 1 års mellomrom. For gyldig vedtak vert det kravd at minst ⅓ av medlemmane røystar og at minst ⅔ av desse røystar for oppløysing.
- Ved oppløysing av laget skal årsmøte avgjere korleis eventuelle midlar skal disponerast.