Gå til innhald

Fasilitetar

Uteområde

Parken

Ligg langs elva over vegen frå butikken.

  • grindebygg med tak og opne veggar
  • benkar og bord
  • grill ved grindebygget

Retningslinjer for bruk av grindabygget

  1. Bruk av grindebygget:

    • Alle er velkomne til å bruke grindebygget.
    • Alle skal rydde etter bruk.
    • Bruk bosdunkane som står ved grindebygget.
  2. Ved bruk av grindebygget til private arrangement som; bursdagar, hyggelege lag, bryllaup ol. gjeld fylgjande reglar:

    • Heng opp ein plakat på grindebygget den datoen du/de ynskjer å bruke grindebygget. I tillegg må de legge inn beskjed på Flekke Grendelag si Facebook-side.
    • Arrangement på kveldstid skal ha ein ansvarleg kontaktperson (over 18 år) for lån av grindebygget.
    • HUGS: Det skal vere roleg mellom kl. 23.00-06.00.
    • Elles gjeld dei vanlege reglane for bruk av grindebygget (sjå punkt 1).

Gapahuken ved skulen

Ligg over vegen frå skulen.

  • gapahuk med tak og tre vegggar
  • benkar i gapahuk
  • grill i gapahuk

Retningslinjer for bruk av gapahuken

  1. Barnehagen og skulen brukar gapahuken alle kvardagar i skule- og barnehageåret mellom kl. 09.00-16.00.

  2. Bruk av gapahuken i helgar:

    • Fredag frå kl. 17.00 til sundag kl. 23.00.
    • Alle er velkomne til å bruke gapahuken på dagtid.
    • Alle skal rydde etter bruk.
    • ALT BOS TEK DE MED HEIM! Bosdunken på skulen skal IKKJE nyttast til dette.
    • Vår, sommar og tidleg haust: De skal bruke vegane som går opp til gapahuken. Ta hensyn til dyrka mark.
  3. Ved bruk av gapahuken til private arrangement som; bursdagar, hyggelege lag, bryllaup, hjortejakt ol. gjeld fylgjande reglar:

    • Heng opp ein plakat på gapahuken den datoen du/de ynskjer å bruke gapahuken. I tillegg må de legge inn beskjed på Flekke Grendelag si Facebook-side.
    • Arrangement på kveldstid skal ha ein ansvarleg kontaktperson (over 18 år) for leige av gapahuken.
    • HUGS: Det skal vere roleg mellom kl. 23.00-06.00.
    • Elles gjeld dei vanlege reglane for bruk av gapahuk (sjå punkt 2).

Gapahuken ved skytebana

Ligg på venstre hand ca. 100 meter før skytebana.

  • gapahuk med tak og tre vegggar
  • benkar i gapahuk
  • eldstad utanfor gapahuk

Helse/livredding

Hjartestartar på badet på butikken.