Gå til innhald

Nyhende

Fredagskveld i gapahuken

qrcode

Legg til i kalender

Det vert vaksensosialisering i gapahuken fredag 5. Juli frå 21.00 og utover.

Ta med ein vedkubbe og det du måtte trenge av mat og drikke.

Meir om gapahuken kan ein finne her:

https://www.flekke.org/fasilitetar/#gapahuken-ved-skulen

Jonsokfeiring i Flekke - 2024

Bål!

Legg til i kalender

Grendalaget skipar til jonsokfeiring Sundag 23. juni i Parken.

Grillane er klare fom. kl 17:30 og me tenner bålet kl 19:00.

Grendelaget stiller med varme grillar, kaffi, vatn/saft og sal av bakst. Kubbespel og bocca tek me óg med.

Ta med det du ynskjer å ete og drikke. Gjerne ein stol óg om du har ein som er lett å ta med.

Ta med familie og vener, så møtast me til ei triveleg feiring saman.

Fartssoneutviding - svar frå fylkeskommunen

I saka om fartssoneutviding, så har me no fått svar frå fylkeskommunen. Diverre, så vart ikkje svaret heilt slik som me hadde håpa på. Her er konklusjonen:

Når det gjeld å forlenge fartsgrensa i retning mot Dale finn me at starten på særskilt fartsgrense 60 km/t er uheldig. Det er dårleg sikt til skilta og me vil føreslå å flytte skilta til før svingane, i retning mot Dale.

Vidare vurderer me at ei forlenging av fartsgrensa i retning mot Rennestraumen ikkje vil vere i tråd med kriteria. Det er naturleg å avslutte særskilt fartsgrense 60 km/t der den i dag vert avslutta i Flekke. Området ved Flekke går frå randbusetnad med mange avkøyrsler til eit området prega av vegetasjon og lite aktivitet. På slike stader er det vanleg at det er generell fartsgrense som for utanfor tettbygd strok, inntil 80 km/t.

Heile svaret kan lesast her:

fartssoneutviding_svar.pdf