Gå til innhald

Fartssoneutviding - svar frå fylkeskommunen

I saka om fartssoneutviding, så har me no fått svar frå fylkeskommunen. Diverre, så vart ikkje svaret heilt slik som me hadde håpa på. Her er konklusjonen:

Når det gjeld å forlenge fartsgrensa i retning mot Dale finn me at starten på særskilt fartsgrense 60 km/t er uheldig. Det er dårleg sikt til skilta og me vil føreslå å flytte skilta til før svingane, i retning mot Dale.

Vidare vurderer me at ei forlenging av fartsgrensa i retning mot Rennestraumen ikkje vil vere i tråd med kriteria. Det er naturleg å avslutte særskilt fartsgrense 60 km/t der den i dag vert avslutta i Flekke. Området ved Flekke går frå randbusetnad med mange avkøyrsler til eit området prega av vegetasjon og lite aktivitet. På slike stader er det vanleg at det er generell fartsgrense som for utanfor tettbygd strok, inntil 80 km/t.

Heile svaret kan lesast her:

fartssoneutviding_svar.pdf